Publisert - 27.02.2026

Planlagde endringar

Ettersom HelseID er ei teneste som har utvikla seg over tid, er det ikkje til å unngå at enkelte delar av tenesta etter kvart vil bli endra eller utrangert. Vegkartet under viser kva for nokre endringar HelseID vil gjere i den komande tida og når dei blir sett i verk i test og produksjon.

Endring Skildring Test Prod
Krav om DPoP Alle klientar som ikkje brukar et DPoP-bevis i Token-kallet til HelseID, vil bli avvist i køyretid. 7. april 2026 1. juni 2026
Endra signeringsalgoritme for token HelseID vil ta i bruk signeringsalgoritma PS256 for ID-token og Access-token. Hausten 2026
Krav om bruk av sterkare signeringsalgoritmar Krav om signeringsalgoritmar for bruk av client_assertions. HelseID vil nekte tilgjenge for klientar som brukar RS-algoritmar (RS256, RS384 og RS512). Hausten 2026
Krav om DPoP-støtte i API Alle API må bruke DPoP-bevis som ein sikkerheitsmekanisme. 1. oktober 2026 1. desember 2026
Fjernar avvikla scope 'helseid://scopes/identity/pid_pseudonym' og 'helseid://scopes/identity/assurance_level' vil bli fjerna, sjå sida for scope for alternativ. 1. september 2026 1. januar 2027
Avvise gjenbruk av Client Assertions Gjenbruk av Client Assertions ('jti'-claim) vil bli avvist i køyretid. Sjå denne sida for mer info. 1. september 2026 1. januar 2027

Fullførte endringar

Endring Skildring Test Prod
Krav om PAR Alle klientar med brukarinnlogging som ikkje brukar PAR vil bli avvist i køyretid. November 2025 Februar 2026
Ny Test IDP Vi tar i bruk en ny versjon av Test IDP som kjører i privat sky hos NHN. Juni 2025
Krav om bruk av issuer i private_key_jwt aud-claimet i JWT-tokenet som blir gitt frå klienten til HelseID i "client_assertion"-parameteren må alltid ha verdien https://helseid-sts.nhn.no i produksjon og https://helseid-sts.test.nhn.no i test. April 2025 Juni 2025
Krav om bruk av client-authentication+jwt i private_key_jwt typ-headeren i JWT-tokenet blir gitt frå klienten til HelseID i "client_assertion"-parameteren må alltid ha verdien client-authentication+jwt. April 2025 Juni 2025
Krav om PKCE Alle klientar med brukarinnlogging som ikkje brukar PKCE i kallet til Authorize-endepunktet vil bli avvist i køyretid. Mars 2025 April 2025
Avvise Shared Secret Avvise alle klientar som forsøker å bruke Shared Secret (client_secret) som klientautentisering. Dette gjeld berre klientar som ikkje er sette opp i HelseID Selvbetjening. Februar 2025 Mars 2025
Fjerne endepunktet clientinfo_endpoint Dette endepunktet gjer ut metainformasjon om ein klient. Endepunktet er lite brukt, og informasjonen om klienten finst i HelseID Selvbetjening. November 2024 Desember 2024
Avvise implicit- eller hybrid-flyt Avvise all bruk av hybrid- og implicit-flyt frå klientar. Dette gjeld berre klientar som ikkje er sette opp i HelseID Selvbetjening. November 2024 Desember 2024
Endre typ-header i Access-token Verdien i headeren typ får nytt innhald frå JWT til at+jwt. Oktober 2024 November 2024
Fjerne gammalt amr-claim Det gamle claimet helseid://claims/client/claims/amr vil bli fjerna. Informasjonen vil bli erstatta av client_amr-claimet, som allereie er i produksjon. Oktober 2024 November 2024
Fjerne gammal Test-IDP Den gamle Test-IDP-tenaren vil bli fasa ut. Oktober 2024
Fjerne PREG Personregisteret (PREG) vil bli utrangert i testmiljøet. Alle testpersonar vil framover bli tatt frå Persontjenesten, som inneheld syntetiske personar frå SyntPop. September 2024

Søk i Utviklerportalen

Søket er fullført!